Velkomen!
Dersom du er registrert i folkeregisteret i Kvam herad, er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette er for å kontrollera at opplysningane som er registrert på deg og familien din er korrekte, og for å kunna leggja til korrekt kontaktinformasjon (telefonnummer og e-postadresse). Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. (Dersom du er usikker på om du er registrert, kan du prøva å logga deg inn.)Dersom du ikkje kan logga deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, evt. dersom du per i dag ikkje er registrert i folkeregisteret i Kvam herad), så kan du søkja utan å vera innlogga.
For å leggja inn søknad om plass vel du Søk barnehage her eller Søk SFO her i menyen over.
Du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller D-nummer.
Innlogging
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides)
Sjå informasjon i menyen til høgre.
Du må vera innlogga for å:
-endra/sletta søknad
-følgja saksgang på søknad
-svara på tilbod (rekningsmottakar må svara på tilbodet)
-seia opp plass
Frist for hovudopptak i barnehage er 1. februar og til SFO 15. februar!